Gerd A. Vik Flø vil ikkje ha noko stor feiring av seg sjølv når ho rundar sytti i neste veke. I staden arrangerer ho konsert i Ulstein kyrkje, til inntekt for organisasjonen Barneheimen Suwalkis Venner. I februar neste år er det tretti år sidan organisasjonen vart starta, Gerd har vore styreleiar dei siste tjuefem åra. Foto: Linda Eikrem

Feirar med musikalsk dugnad for hjartebarnet sitt

– Eg synest det er fantastisk å bli eit år eldre, men eg er ikkje så glad i store feiringar av meg sjølv. Difor er det kjekt å nytte høvet til å fronte saka som har hatt så stor plass i hjartet mitt i så mange år, seier Gerd A. Vik Flø i Ulsteinvik.