Folk Spiseri og Musikklaget Ulf:

Inviterer til Ompafest på Folk Spiseri

I samarbeid med ei tyrolargruppe frå Musikklaget Ulf inviterer Folk Spiseri til Ompafest, 21. september. Ein kveld med musikk, mykje god mat og høveleg drikke.

God mat, drikke og musikk: Thor Erik Andersen (t.v.) og Ingrid Margrethe Ulstein ved Folk Spiseri går saman med ei tyrolargruppe frå Musikklaget Ulf, her representert ved Trond Skodjevåg Bø – og inviterer til ein skikkeleg oktoberfest i september. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

Ompafesten er inspirert av den tradisjonelle tyske oktoberfesten, som fyrste gong vart arrangert 12. oktober 1810 i München.

Vil ta opp igjen tradisjonen

Men 21. september blir det ompamusikk, festdrakter og mykje god mat og drikke å finne på Folk Spiseri på Sjøsida i Ulsteinvik sentrum.

Musikklaget Ulf og Folk Spiseri har snakka saman sidan i fjor kring eit slikt arrangement, og no skjer det.

– I fleire år arrangerte vi ompafest i samarbeid med Kaffikari, men dei siste åra har det ikkje vore noko. No har vi bestemt oss for å samarbeide med Folk Spiseri om å lage til ein heidundrande ompafest, seier Trond Skodjevåg Bø i Musikklaget Ulf.

Han blir ein av 8–10 medlemmar av Ulf som går saman i ei tyrolargruppe – og som skal sørgje for god musikk til oktoberfestmat- og drikke. Like før, same kvelden, skal heile Ulf spele konsert på Sjøborg kulturhus.

– Musikklaget Ulf består jo av rundt 40 musikarar, og det seier seg sjølv at ikkje alle kan vere med på ompafest-opplegget – men, vi er ein dedikert gjeng som gler oss til dette arrangementet, seier Skodjevåg bø.

Thor Erik Andersen, kokk og medeigar av Folk Spiseri, var også med då det blei arrangert ompafest på Kaffikari. Første gongen dette gjekk av stabelen der var i 2010.

– Det var veldig kjekt då dette var eit årvisst arrangement. Vi prøvar å ta opp igjen tradisjonen, men no på Folk Spiseri – og så får vi sjå om vi lukkast med det. Det blir i alle fall veldig kjekt for gjestane, men også for dei som speler og dei som jobbar, det er eg sikker på, seier Andersen.