Hareid Krf

Solide og dyktige kandidatar

Kommuneval

Hareid krf: Kjersti Røyset Topphol, Hallvard Sæverud og Turid Engen.  Foto: Hareid krf

Nyhende

Hallvard Sæverud er førstekandidat på Hareid KrF si liste til kommunestyrevalet 9. september. Han er teknikaren og samfunnsplanleggaren som har vore både formannsskapssekretær og utviklingsleiar i Hareid kommune. Han har arbeidd mykje med kjøp og sal av areal/eigedomar i både kommunal og statleg verksemd, og har alltid vore engasjert i frivillig lagsarbeid. Hallvard Sæverud har eit brennande engasjement for Hareid kommune, og erfaringane hans vil vere til stor nytte i den politiske styringa av kommunen. Hallvard er særleg oppteken av at tomte- og bustadtilbodet i Hareid må bli betre.

Turid Engen er utdanna psykiatrisk sjukepleiar og har erfaring blant anna frå helsestasjonsarbeid. Ho kjenner derfor behova til dei minste. Ho har også jobba i heimesjukepleien og ved Hareid sjukeheim, og har dermed også erfaring innan eldreomsorg. No jobbar ho blant ungdom med psykiske vanskar. Turid har dei siste 4 åra vore vara i kommunestyret og er med i styret for KrF. Siste 4 åra har ho også vore medlem i soknerådet. Turid har alltid vore aktiv, og har heile sitt vaksne liv vore med i frivillig arbeid på mange område i kommunen. Dei siste18 åra har ho jobba ved Psykisk helse for barn og unge ved Ålesund sjukehus. Turid er særleg oppteken av borna sine oppvekstvilkår, synleggjort i slagordet: ein god barndom varer heile livet.

Kjersti Røyset Topphol er nordfjordingen som tidleg engasjerte seg politikken då ho flytta til kommunen. Kjersti har til saman site 12 år i kommunestyret i Hareid. Ho har både vore varaordførar og leiar i hovudutval for oppvekst og kultur. Kjersti har også engasjert seg i soknerådsarbeid, og ho var den første leiaren i Hareid frivilligsentral. Kjersti har jobba mange år ved Hareid ungdomsskule, både som lærar og som inspektør. Til dagleg arbeider Kjersti som realfagslektor ved Ulstein vidaregåande skule. Ho er særleg oppteken av gode vilkår for kyrkje og kulturliv.

BRUK KRF SI LISTE NÅR DU SKAL RØYSTE –

SÅ GJER DU EIT TRYGT VAL!


Hareid KRF