Den gongen lukka var ein apache-sykkel

Nyhende

Guten som tronar så stolt på ein DBS Apache er Knut (Mardon) Hjelle (fødd i 1960). Men det er ikkje han som eig sykkelen, eigaren står ved sida av og ber namnet Kjartan Kvalsvik (fødd i 1962). Han fortel at sykkelen var innkjøpt same dag som bildet vart teke, og at kjøpet skjedde hos Erling Kjellevoll, øvst i Drammensvegen, der han dreiv med sykkelreparasjon og sal av syklar.