Eg fekk for meg at eg måtte lage ein plan for livet mitt

Haust, bøker og heimekos høyrer saman.  Foto: 123RF.com / Lev Dolgachov

Eg vil at jentene mine skal få same gleda over bøkene som eg har

Nyhende

Då august gjekk over til å vere september vart også årets sommarles-aksjon avslutta. Borna har vore ivrige. Noko las dei sjølve, og noko las me foreldra for dei. Dei synest sommarles kunne ha vore året rundt, det er så artig å få poeng og vinne premiar for å lese. Men eg svarer at det hadde vel ikkje vore same stasen om det var slik heile året.