Interiør-heider til Ulstein Arena

Ulstein Arena vart tildelt andreplassen i DS Award Best Interior.  Foto: Arkiv / Andreas Steinnes Bjerknes

Nyhende

Det vart ein andreplass i til Ulstein Arena då prisen for beste interiør vart utdelt under Designers Saturday i Oslo sist helg. Storstova i Uslteinvik var ein av finalistane i interiørtevlinga DS Award Best Interior saman med åtte andre nominerte bidrag, der nivået i følgje arrangørane var imponerande høgt. Designers Saturday er eit arrangment i regi av design- og innreiingsbransjen her i landet.


 

Prisen er ein open nasjonal konkurranse der formålet er å stimulere til fagleg utvikling og høg kvalitet, i følgje nettsidene til Designers Saturday.

Ulstein Arena mottok Statens pris for byggkvalitet 2018. Denne gongen var det interiøret som stod i fokus. Det er interiørarkitektane hos arkitektfirmaet Lund+Slaatto som står bak interiøret, som i stor grad er bygd rundt biblioteket der den nederlandske bibliotekarkitekten Aat Vos har hatt ei sentral rolle i utforminga.