Samla full kyrkje til støttekonsert for Suwalkis venner

Nyhende

– Eg kjenner meg rikt velsigna, sa Gerd Vik Flø (straks 70) då ho takka alle som hadde vore med på å gjere dugnadskonserten til inntekt for barneheimane i Polen mogleg.

Gerd Vik Flø ville gjere noko anna på 70-årsdagen sin enn å invitere til bursdagsfest. I staden for selskap ville ho arrangere ein dugnadskonsert til inntekt for det som har vore hennar store hjartebarn dei siste tretti åra, støtteforeininga Barneheimen Suwalkis Venner.

Og konsert vart det! Søndag kveld var Ulstein kyrkje fylt av songarar, musikarar og publikum som på kvar sitt vis var med på å

Sjølvsagt vanka det bursdagssong. Barnebarnet Olea Olea Jónsdóttir Flø fekk med seg publikum på «Hurra for deg!». I våpenhuset var det sett fram kaker, brus og kaffi, men bortsett frå det var det lite som minte om bursdagsfeiring.

Saman med Kjetil Haanes, som var styreleiar i Suwalkis venner» nokre år før Gerd tok over i 1994, gav ho eit innblikk i korleis dette prosjektet vart til og kva det har ført til av «gylne historier», som Gerd uttrykte det.


Feirar med musikalsk dugnad for hjartebarnet sitt

– Eg synest det er fantastisk å bli eit år eldre, men eg er ikkje så glad i store feiringar av meg sjølv. Difor er det kjekt å nytte høvet til å fronte saka som har hatt så stor plass i hjartet mitt i så mange år, seier Gerd A. Vik Flø i Ulsteinvik.

 

I eit intervju med Vikebladet Vestposten i forkant av konserten antyda Gerd at mellom 200 og 300 born har fått hjelp gjennom barneheimane i Suwalki og Augustow, men på konserten vart talet oppjustert til nærare 1000.

– Eg var nok litt for beskjeden, sa jubilanten.

Ein av dei som fann ei trygg hamn på barneheimen i Suwalki er Robert Burger som i dag er busett på Larsnes.

– Sjølv om situasjonen i Suwalki er mykje betre, har barneheimen framleis behov for hjelp, oppmoda han då Kjetil Haanes lurte på om den økonomiske veksten i Polen hadde gjort arbeidet til Barneheimen Suwalkis Venner overflødig.


 

Det stod mykje song på programmet. Fjøresteinane slo an tonen med «Happy birthday to you», etterfølgde av Mona Vartdal, Trude Børjesson Sørdal, Mariann Vattøy, Ingrid Nerhoel (som også akkompagnerte til fleire av songane), Gull & Gråstein og Frid & Glede.

Olea Jónsdóttir Flø spelte trombone i samspel med Ståle Helvig på piano og avslutningsvis på kyrkjeorgel.

Gerd Vik Flø hadde også fått med seg sitt tidlegare kor, Hareid kammerkor.

– Eg var med for så lenge sidan at koret den gongen heitte Hareid Ungdomskor, humra Gerd og innrømte at «det rykte i stemmebanda» då ho fekk høyre koret sine framføringar.

–For ein vedunderleg konsert! Eg kjem til å ha dette i sinnet mitt lenge, både denne toneflaumen og den velviljen eg har mått, sa Gerd Vik Flø som naturlegvis også delte nokre av sine eigne ord, på rim.

Før orgel- og trombonetonane av Bachs «Bist du bei mir» lydde frå galleriet, fekk tilhøyrarane vere med på allsongen «Du er mi øy i havet, Gud»

– Tryggleik kan vere så mangt, både tryggleiken i å ha kvarandre og tryggleiken i ei tru, sa Gerd Vik Flø som altså fyller 70 år onsdag 11. september.