[Vi møter]

- Sopp er ein fantastisk matressurs

I desse dagar, når soppen poppar opp i skog og mark, plukkar Wenche Eli Johansen sopp både til seg sjølv og restaurantar. Ho er sertifisert soppsakkunnig, og held kurs rundt om i fylket. Berre i Hareid og Ulstein var responsen for dårleg til å starte kurs.

Foto: Anne Gry Eilertsen 

Nyhende

- Eg forstår ikkje kvifor berre to melde seg på til kurset vi skulle ha for folk i Hareid, Ulstein og Herøy, seier ho. - Både på Molde, Vestnes, Stranda og i Ålesund vart kursa fullteikna. Sopp er ein fantastisk matressurs, kommenterer 61-åringen.