Avspark for årets TV-aksjon:

– No er det hennar tur

Klar til dyst: F.v. Victoria Linnerud som er fylkesaksjonsleiar i TV-aksjonen i Møre og Romsdal, Heidi Kvalsvik frå Hareid frivilligsentral, Astrid Strømsvåg Rise frå Hareid sanitetslag, varaordførar Kristian Fuglseth som er leiar for aksjonskomiteen i Hareid, Sissel Nevstad, koordinator i Hareid, MarieTørvold frå Care Norge og Bennie Hansen, koordinator iUlsteun 

Nyhende

– Det vil ta 202 år før kvinner og menn er økonomisk likestilte her i verda, dersom utviklinga skal halde fram i dagens tempo.

Det seier Marie Tørvold. Ho er såkalla financial controller i CARE Noreg, og har såleis høve til å fylgje pengane frå årets TV-aksjon heilt til dei kjem fram dit dei skal.

Inntektene frå årets TV-ajon i NRK den 20. oktober går altså i år til CARE Noreg. Inntektene vil organisasjonen bruke til å skape eit betre liv for kvinner i nokre av verdas mest sårbare område.

Fredag vart det arrangert kick-off for aksjonen på Hareid ressurssenter. Der deltok representantar frå mange av medspelarane til TV-aksjonen i Hareid, som Norske kvinners sanitetsforening, Hareid næringforum, skular og barnehager, idrettslag, Lions og Rotary for å nemne nokre.

Marie Tørvold frå CARE Norge og Fylkesaksjonsleiar i TV-aksjonen i Møre og Romsdal, Victoria Linnerud, var også med.

I tillegg til å få vite litt meir om kva inntektene frå årets TV-aksjon skal gå til, vart det også kasta fram idéar om kva som kan gjerast utover det å gå frå dør til dør og samle inn pengar.

CARE er kanskje ikkje så veldig godt kjent her i landet. I Noreg har organisasjonen berre 23 tilsette.

– CARE vart starta av amerikanske hjelpeorganisasjonar rett etter andre verdskrigen og mellom anna sende dei 300.000 pakkar til familiar her i Noreg, fortel Tørvold.

CARE Noreg har tre felt dei vil jobbe mot ved hjelp av inntektene frå årets TV-aksjon. Det eine er å gi kvinner råderett over eigen økonomi og kunne skape sin eigen arbeidsplass. Deretter vil CARE jobbe for å gi kvinner kunnskap og høve til å bestemme over sin eigen kropp, både når det gjeld seksualitet og svangerskap.

Å gi kvinner opplæring i leiarskap, både poltisk og elles, og la stemmane deira vert høyrde er det tredje tiltaket.

Tørvold forklarte at eit viktig og enkelt tiltak er å opprette spare- og lånegrupper for kvinner.

– Kort fortalt går dette ut på at fire kvinner får utlevert ei metallboks med tre hengelåsar Tre av kvinnene tek med seg nøkkelen til kvar sin hengelås heim, medan den fjerde i gruppa passar på boksen. Pengane som kvinnene sparer vert lagt i boksen og kan lånast ut, med eller utan rente, til kvinner som ønskjer å starte si eiga bedrift, seier Marie Tørvold.