Sjå valresultatet i Hareid

Nyhende

Frå 21:00 kan du følgje utviklinga i valresultata i Hareid kommune direkte i toppen av denne saka. Her kan du sjå det kontinuerleg oppdaterte resultatet frå valet og sjå korleis kommunestyret blir sjåande ut den komande perioden.

I 2015 var det Folkelista i Hareid som vart største parti i Hareid kommune med 24,7 prosent. Det var ein nedgang på 0,2 prosentpoeng, men dei vart største parti framom Høgre med sine 23,6 prosent av røystene. Det var Høgre og Anders Riise som til slutt enda med ordførarklubba i Hareid, men sidan Riise berre stiller til val på Høgre si fylkestingsliste i år er det klart for eit ordførarskifte i Hareid.

Ved førre kommuneval røysta 2362 av dei 3909 med røysterett i Hareid kommune. Det vil seie ein frammøteprosent på 60,8 prosent, der 392 leverte inn førehandsrøyster.

Slik vart resultatet i kommunevalet i Hareid i 2015:

Folkelista: 24,7 % (5 representantar)

H: 23,6 % (5 representantar)

Frp: 18,5 % (4 representantar)

Ap: 13,8 % (3 representantar)

V: 9,2 % (2 representantar)

KrF: 6,9 % (2 representantar)

SV: 2,3 % (0 representant)

PDK: 1,0 % (0 representantar)