Arbeidarpartiet får både fylkesordføraren og fylkesvaraordføraren

Nyhende

Arbeidarpartiet får både varaordførar og ordførar i eit valteknisk samarbeid med FrP, Sunnmørslista, Uavhengig valgliste for Sunnmøre, MdG og Nordmørslista.

Arbeidarpartiet såg seg nøydd til å sjå etter andre alternativ då Senterpartiet valde å ekskludere Arbeidarpartiet frå forhandlingane, heiter det i ei pressmelding frå Ap.

Det betyr at tidlegare ordførar i Hareid, Anders Riise, verken blir fylkesordførar eller fylkesvaraordførar.