Fekk støtte til utbetring av turvegen

I ordtaket heiter det at lita tue kan velte stort lass, men no blir det slutt på både tuer og stein som stikk opp i turvegen mellom Varleite og Hareidseidet.

Etter at alle steinane er fjerna og vegen er jamna ut, skal det leggast på grus i 1,5 meters breidde. Dermed vil vegen snart stå klar i svært god stand.  

Nyhende

– Vi skal ta 1400 meter bortover her og rykkje opp alle steinane som du ”dribbar” på. Eller som nesten er så gale at du ikkje kjem deg over med barnevogn utan at ungane trillar utav, fortel Lindor Skeide med ei ørlita overdriving.