Finteljinga er klar i kveld

Nyhende

Valstyret i Ulstein kommune, det vil seie Ulstein formannskap, skal møtast klokka seks i kveld for å godkjenne valet. Der vil dei mellom anna ta stilling til om nokre røystesetlar skal forkastast eller godkjennast. Ikkje før det er gjort får kommunen oversyn over den endelege fordelinga over kor mange kandidatar kvart parti får inn i kommunestyret. Og etter det får dei også endeleg oversikt over personstemmer og slengjarar, så dei ser kven som kjem inn i kommunestyret.