Kyrkjevalet 2019:

Resultatet er klart

828 personar røysta ved kyrkjevalet i Ulstein.  

Nyhende

Resultatet etter kyrkjevalet 2019 i Ulstein er klart. I ei pressemelding skriv Ulstein sokn at åtte personar er valt inn i Ulstein sokneråd for perioden 2019 til 2023. Dei er:

1) Annelise Kleven Godø, 2) Odd Arne Vikebakk, 3) Karianne Sveen Orvik, 4)Hannelore Måseide, 5) Bodil Elin Voldsund, 6) Lidbjørn Vattøy, 7) Karete Malen Nesset, 8) Cecilie Frantsen Skeide.

Fem personar er valt inn som varamedlemmer:

1) André Sæter, 2) Andreas Alexander Felix Sæbø, 3) Åsmund Lunde, 4) Kristian Osnes, 5) Hildegunn Karin Lillebø Fiskerstrand

Ifølgje pressemeldinga var det 15 prosent av dei røysteføre som røysta ved valet. Det vil seie 828 av 5402 røysteføre. Det er ein nedgang på sju prosent frå valet i 2015.

Soknerådet vil konstituere seg i eit møte 30. oktober og då vil også leiaren av soknerådet verte valt. Det nye soknerådet trer i funksjon frå 1. november.

"Det nye soknerådet går inn i ei spanande periode. Kyrkjelyden veks i takt med befolkningsveksten i Ulstein, og med dette aukar også behov for større og tenlege lokale frå år til år. Å kome fram til ei god løysing for dette vil vere ei sentral oppgåve å løyse saman med det nye kommunestyret.

Det er stor oppslutnad om dåp, konfirmasjon, vigsle, gudstenesteliv, trusopplæring, barne- og ungdomsarbeid, musikalsk arbeid og diakoni. I samarbeid med mange frivillige organisasjonar er Ulstein kyrkje ein viktig samfunnsaktør som er med i å gjere Ulstein til ein attraktiv stad å bu. Soknerådet treng å ha fokus på å bygge nettverk, engasjere frivillige og skape rom for mange ulike fellesskap. Å bygge kyrkjelyden og vere «Saman på ferda» er den flotte oppgåva det nye soknerådet har og vi ser fram til eit nytt engasjement for dette.

Den komande soknerådsperioden er også ei tid der ein del nye tilsette skal byrje å jobbe i Ulstein sokn. Vi er også i gang med eit viktig vedlikehald av Ulstein kyrkje som det nye soknerådet vil arbeide med", skriv Annelise Kleven Godø, leiar i valrådet, og Christifried Kaul, kyrkjeverje i Ulstein sokn, i pressemeldinga.