Strandgata blir stengt i to veker

Nyhende

Hareid kommune melder at Strandgata blir stengt i to veker framover. Det er Statens vegvesen som har stengt av gata for å leggje fjernvarmerøyr over vegen til rådhuset og helsehuset.

Det er omkøyring via Myra og Isakdalen. Dette er skilta. Kommunen har fått fleire klagar på at bilistane køyre for fort gjennom Isakdalen. Dei er i gang med å finne løysingar på denne utfordringa. Mellom anna har dei kontakta politiet for å sjå om dei kan bidra.