Tett i toppen i fylkestingsvalet

Ander Riise har hatt eit mål om å bli fylkesordførar for Høgre, men sjølv om partiet hadde framgang i Ulstein og Hareid, gjekk dei tilbakei fylket frå sist val og mista to mandat i fylkestinget.   Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

Det blei svært tett mellom dei største partia i fylkestingsvalet i Møre og Romsdal. Då røystene var talde opp var det klart at Arbeidarpartiet fekk flest røyster og enda på 18,1%. Like bak, på 17,9% følgde Senterpartiet, med Framstegspartiet på 17,2%. Høgre, med Anders Riise i spissen, går tilbake frå 2015 og med 15% går det mot 7 mandatar i fylkestinget for Høgre.