Oskar fekk flest personstemmer

Oskar Grimstad på valvaka på Hareid  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

Oppteljinga etter lokalvalet i Hareid viser at Oskar Grimstad (Frp) fekk flest personstemmer og såkalla slengarar.

Personstemme er når veljarane har sett eit kryss ved namnet til kandidaten, og slengar er når veljarane fører opp kandidatar frå andre lister.

Her er lista over dei som fekk som fekk flest personstemmer og slengarar:

Oskar Grimstad (Frp) fekk 413 personstemmer og 86 slengarar.

Bernt Brandal (Folkelista) fekk 223 personstemmer og 39 slengarar

Annika Brandal (Venstre) fekk 147 personstemmer og 105 slengarar

Kristian Fuglseth (Folkelista) fekk 133 personstemmer og 33 slengarar

Kjetil Nesset (Folkelista) fekk 145 personstemmer og 18 slengarar

Ranja Dimmen Alme (Folkelista) fekk 122 personstemmer og 26 slengarar

Hege Holstad (Arbeidarpartiet) fekk 101 personstemmer og 59 slengarar

Ragnhild Viddal Nedrelid (Arbeidarpartiet) fekk 102 personstemmer og 36 slengarar

Berte Holstad Engen (Høgre) fekk 70 personstemmer og 50 slengarar

Audun Ulstein (Høgre) fekk 55 personstemmer og 14 slengarar

Hallvard Sæverud (KrF) fekk 54 personstemmer og 70 slengarar

Jeanette Teigene (Frp) fekk 54 personstemmer og 17 slengarar

Jenny Helen Korsnes (Venstre) fekk 48 personstemmer og 32 slengarar


Det er framleis uklart kven som får makta i Hareid, men fire av partia vart i natt samde om å snakke saman vidare: