Klart nei til vindturbinar

Ulstein formannskap sa samrøystes nei til vindkraftutbygging i Ulstein.

  Foto: Jorulf Myrene

Nyhende

Dei følgjer såleis tilrådinga frå rådmannen, levekårsutvalet, teknisk utval og fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne.

Dei krev at området for utbygging blir tatt ut av planen til NVE.

Varaordførar Steinar Torvik (KrF) nytta høvet til å takka alle som har engasjert seg i denne saka. – Det er flott at me har fått eit så stort engasjement utover det politiske, sa han og meinte det har vore ein god prosess der folk har kome med innspel om kva dei meiner.

Ordførar Knut Erik Engh (Frp) slutta seg til rosen, og sa at i denne saka står ein samla.

Vidare i tilrådinga til Ulstein kommunestyre heiter det at dei er innstilte på å klage på eventuelle konsesjonssøknader for landbasert vindkraft i kommunen vår.

– Vindkraftanlegg med store veganlegg og vindturbinar vil endre fjellområda for alltid, beslaglegge viktige og svært viktige frilufts- og naturområde, føre til enorme og irreversible inngrep i naturen med visuell forsøpling og legge opp til sterke interessekonfliktar, heiter det i vedtaket.


Hareid formannskap sa nei i juni i år:

Klart nei til vindturbinar