Kommunane slit med å rekruttere helsepersonell

Tre av fire norske kommunar varslar om at det er ganske eller særs utfordrande å få rekruttert sjukepleiarar – og problemet aukar.

Fleire eldre innbyggjarar i kommunane og mange deltidsarbeidande i helsevesenet er nokre av årsakene til at kommunane meiner det er utfordrande å rekruttere nok folk. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK  Foto: Heiko Junge

Nyhende

I Kommunesektorens arbeidsgivarmonitor for 2019, som skildrar utvikling og tilstand i kommunane, blir det rapporterte om ein auke på 21 prosentpoeng sidan 2017 av kommunar som slit med å få tak i nok sjukepleiarar.