Sølvi frå Ulstein blir første ordførar i nye Volda kommune

Sverre Leivdal (Ap) og Sølvi Dimmen (Sp), ny varaordførar og ordførar i nye Volda kommune.  Foto: Rune Sæbønes/Møre-Nytt.

Nyhende

Senterparti-politikaren Sølvi Dimmen, opphavleg frå Indre Dimna i Ulstein kommune, blir nye Volda kommune sin første ordførar. Det skriv Møre-Nytt (ekstern lenkje). Dette blei gjort kjent under ein pressekonferanse torsdag. Volda og Hornindal slår seg som kjent saman, og Dimmen blir altså den første øvste politiske leiaren for den nye samanslegne kommunen.