Ønskjer nye utdanningstilbod i Ulstein

Nyhende

I revidert nasjonalbudsjett for 2019 vart det opna for og lagt ut midlar for desentraliserte høgskule og universitetsutdanningar gjennom ei ny ordning i Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning. Ulstein Venstre ønskjer å få opp slike nye utdanningstilbod i Ulstein. Det kan gje kommunen verdifulle kompetansearbeidsplassar.

Dei foreslår for kommunestyret å be formannskapet og administrasjonen i samarbeid med næringslivet i Ulstein sjå på om det er mogleg å opprette utdannings eller etterutdanningsplassar i utvalte fagområder. Til dømes sjukepleiarutdanning eller ingeniørutdanning med vidare. Samstundes sjå på om det er mogleg å hente ut midlar til slike tilbod i frå Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning.

Ulstein kommunestyre har møte førstkomande torsdag.