Skeide

– Det blir dyre tomter

Kommunalsjef Arne Runar Vik spår at tomtene i det nye byggjefeltet på Skeide blir dyre.

Skeide: Gjennom dei avtalane som er inngått har kommunen forplikta seg til å gjennomføre grunnervervet. Dei må betale meir for grunnen enn dei hadde tenkt, difor blir også tomtene dyrare. Det blir 48 tomter i det nye byggjefeltet. Nokre er for konsentrert utbygging, så det blir rundt 102 bueiningar. Arne Runar Vik vil kome nærare tilbake til pris for tomtene seinare. Foto: Ingvild Aursøy Måseide  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Prinsippet bak tomtesal i Ulstein kommune er at det skal vere til sjølvkost. Det vil seie at dei utgiftene dei har med å kjøpe og opparbeide eit byggjefelt må dei til inn igjen når dei sel tomtene.