Ordførarkabalen er lagt

Det var god stemning mellom dei fire partia då Vikebladet Vestposten møtte dei fredagskvelden.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Fredagskvelden kunne Folkelista for Hareid kommune, Venstre, Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti fortelje pressa at dei fire partia har blitt samde om at Bernt Brandal (Folkelista) skal få bli ordførar for Hareid kommune og Annika Brandal (Venstre) varaordførar.

Kjetil Nesset (Folkelista) blir leiar i Nærings- og miljøutvalet. Hege Holstad (Arbeidarpartiet) får leie levekårsutvalet. Annika Hove (Folkelista) blir nestleiar i levekårsutvalet.

Venstre får ein representant i Nærings- og miljøutvalet. Der skal også Andre Bårslett (Ap) vere medlem.

Venstre skal også ha ein representant i levekårutvalet. Der skal også Einar Måseide (Folkelista) vere medlem.

Ein representant frå Folkelista skal vere leiar i valnemnda.

Førebels er det uavklart kven som skal sitje i kontrollutvalet.