Demensaksjon neste veke

I perioden 16. til 22. september, det vil seie neste veke, er det igjen tid for innsamling til forsking på demens.

Hareid: Ungdomar frå Hareid ungdomsskule er klare til å samle inn pengar til demensaksjonen neste veke. Foto: Aud Grimstad  Foto: Aud Grimstad

Ulstein: Hanna Pettersen Dimmen, Cornelie Ulstein, Fredrik Krumsvik, Jan Andre Corpuz Nedregård, Marie Lyngbø Ottesen, Janushya Senthilkumar har valfag «innsats for andre». Foto: Mari Ann Vattøy  Foto: MariAnn Vattøy

Fakta om demens
  • I dag har 77 000 menneske i Noreg demens, og talet vil truleg doblast fram mot år 2040.
  • Demens rammar først og fremst eldre, men også yngre personar kan få demens
  • På verdsbasis lever om lag 50 millionar med demens, eit tal som vil auke til meir enn 150 millionar fram mot 2050.
  • Demens er ein dødeleg hjernesjukdom.
  • Demens gir dårleg hugs, problem med daglege gjeremål og endringar i personlegdomen.
  • Det fins i dag ingen kur mot demens.
  • For å finne medisinar og behandling, trengs forsking.
  • Nasjonalforeningen for Folkehelsen samlar inn pengar til forsking på demens.
Nyhende

Demens er ein lei sjukdom som det ikkje finst nokon kur for. Derfor treng vi forsking på det. Vi håper på at «gjevargilde» virkeleg skal slå til i år.

Ulstein og Hareid gjer som dei gjer i Herøy, vi allierer oss med skuleelevar som går med bøsser. Kjekke ungdomar frå Hareid ungdomsskule og Ulstein ungdomsskule som vi håper blir tatt imot på ein god måte når dei ringer på dørene til innbyggarane våre.

Kan Vippse

Vi ber deg derfor om å hugse å ha kontantar tilgjengeleg. Om det vert gløymt, kan de også bruke VIPPS 575081. Dette er VIPPSnr til den lokale foreninga, Ytre Søre Sunnmøre Dementforening.

Demenskonsert i Herøy

Eg vil også minne om støttekonserten for dementsaka som blir arrangert i Herøy.

Her er Pergunn Rødseth Gjerdsbakk primus motor. Dette arrangementet kjem vi nærare tilbake til.