Jubileumsfest i Ulstein Arena:

– Det vil vere trist å ikkje få med seg dette

1. august var IL Hødd 100 år og laurdag skal dette markerast med storfest i Ulstein Arena.

Lokale stjerner: Einar Warholm lovar eit variert og lokalt program under jubileumsfesten. Bror Magnus Tødenes er blant dei som dukkar opp og Jan Åge Fjørtoft skal vere programleiar. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll 

Hødd i 100: Laurdag inviterer IL Hødd til jubileumsfest i Ulstein Arena. Leiar Einar Warholm håpar å fylle hallen med blått og kvitt. 

Nyhende

100 år etter at Hødd vart skipa og Ulsteinvik fekk sin fotballklubb skal IL Hødd feirast i Ulstein Arena. Styreleiar Einar Warholm i IL Hødd er framleis noko sparsam med detaljane framom feiringa, men han håpar storstova i Ulsteinvik blir fylt av blått og kvitt komande laurdag.

– Frå 14.30 og utover vil Musikklaget Ulf og Ulsteinvik skulekorps ha konsert utanfor Ulstein Arena. Det blir opptakta til festen som startar 16.00. Dei vil spele fengjande musikk og kanskje også nokre av marsjane ein brukte å spele på Høddvoll før i tida, fortel Warholm.

– Kle deg i blått og kvitt

Han understrekar at jubileumsfesten er open for alle som ønskjer å ta turen.

– For alle som har hjartet i Hødd og for alle andre også, og vi håpar at så mange som råd vil kle seg i Hødd-fargar. Vi har eit rikt og variert program, med berre lokale talent, fortel Warholm.

Som nemnt er han lite villig til å avsløre for mykje om programmet, men han lettar litt på sløret om nokre av deltakarane.

– Vi kan vel seie så mykje som at Jan Åge Fjørtoft vil leie jubileumsfesten, og det er jo ein lokal mann.

Fjørtoft scora 34 mål på 39 seriekampar for Hødd i løpet av sesongane 1984 og 1985, før turen gjekk vidare til HamKam, Lillestrøm og deretter ut i Europa.

Tenor og to filmar

Til jubileumsfesten kjem også ein kar som ikkje er mest kjend for det han kan gjere med føtene, men heller for den storslåtte stemma han ber på.

– Bror Magnus vil også vere med på festen. I tillegg skal det visast to heilt nye filmar, ein som er laga av Fantastiske Osberget og som har eit historisk perspektiv, og ein som er laga av Nanseth Media som heiter Hødd i 100. Der tek ein føre seg aktiviteten i Hødd og det vi har i dag, fortel Warholm.

– Eg trur dette vil bli ein veldig flott fest. Det vil vere trist å ikkje få med seg dette, legg Warholm til.

Han reknar med at jubileumsfesten vil vare eit par-tre timar.

– Men ein veit jo aldri. Dersom Jan Åge først byrjar å prate, så kan det jo ta si tid, skjemtar Warholm.