Har kontroll over brann i bruktbutikk

Det har brote ut brann i bygget der Filadelfia heldt til tidlegare. Bygget blir i dag brukt som bruktbutikk.   Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll.

Nyhende

Naudetatane rykte torsdag ut til Bjørndalvegen i Ulsteinvik etter melding om brann.

Det var observert opne flammer inne i bygget.

Brannvesenet er på plass for å ta hand om brannen.   Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll.

 

Det er i bygget der Filadelfia heldt til tidlegare at brannen har brote ut. Der held bruktbutikken Sarepta til i dag.

Politiet melder at det ikkje er fare for spreiing til andre bygg.

110-sentralen i Møre og Romsdal skriv på twitter at brannvesenet har fått kontroll på brannen. Dei har rekviert restverdiredning frå Ålesund.