Det stormar både her og der

Kulturskilnaden mellom dei to kommunestyra har ofte undra meg

Stormar kan kome i så mange variantar  Foto: Andreas Bjerknes

Nyhende

Hausten er tida for storm, ras og flaum. Søndag vandra eg på «Fjordvegen» langs Borgundfjorden, med regnet piskande i andletet og bårer med saltvatn som piska opp over rullesteinane. Eg likar hausten. Å ligge på loftet og høyre regnet tromme hardt mot taket gjer meg trygg, i alle fall når eg innbiller meg at taket er tett og dreneringa i grunnen fungerer.