Andre Smoge frå Hareid

Kreativ og sjølvstendig teikneseriekunstnar

Andre Smoge frå Hareid har laga ein flott teikneserie heilt på eiga hand, og har fått god respons. På eit par månader har han seld 200 eksemplar.

Skaparen av Andy Rocket: Andre Smoge har fått gode tilbakemeldingar på den nye teikneserien sin. Smoge er frå Hareid, men bur for tida i Bergen.   Foto: Nils Vemund Gjerstad

Nyhende

Bergen: Eg møter den nybakte 33 år gamle teikneseriekunstnaren frå Hareid utanfor Amalie Skram-huset i Bergen. Han smiler og er stolt, etter å ha fullført sin fyrste teikneserie.