– Det var ikkje slike nyheiter arbeidsmarknaden på Hareidlandet trong no

Arkivfoto  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll

Nyhende

Denne veka har det kome nyheiter som har vore lite godt nytt for arbeidsmarknaden i Hareid og Ulstein.

Sist månad var det rett nok ein liten nedgang i arbeidsløysa her i området, men ytre søre Sunnmøre er framleis mellom områda i landet med høgast arbeidsløyse. I Hareid var 3,9 prosent av arbeidsstokken utan arbeid ved utgangen av august, i Ulstein var prosenttalet tre. I heile landet er arbeidsløysa på 2,3 prosent.

Måndag fekk vi vite at rundt 100 arbeidarar må gå frå Kleven Verft. Og onsdag fekk dei tilsette i Kongsberg vite at konsernet vil redusere talet på tilsette med 130, og at det i hovudsak er avdelingane i Hjørungavåg, Brattvåg og Ålesund som vert ramma.

Det var ikkje slike nyheiter arbeidsmarknaden på Hareidlandet trong no.

Difor er det godt å sjå at NAV kan bidra med optimisme. «Det er fleire bedrifter som etterspør arbeidskraft frå fleire bransjar», sa Anders Norvald Hammer (leiar NAV Hareid/Ulstein/Sande) og Oddvor Follestad Hovden (marknadskoordinator for NAV-kontora på Søre Sunnmøre) til lokalavisa tidleg denne veka.

Det bør bli stor oppslutning tysdag i neste veke når det er jobbmesse i Herøy. Dit kjem meir enn 40 verksemder med rekrutteringsbehov. Ifølgje NAV treng bedrifter som Myklebust verft, Ulstein Betong, Fiskerstrand Verft og Langset meir arbeidskraft.

Messa i Herøyhallen er gratis for både ustillarar og besøkande. Og det er ikkje anna å gjere enn å stille seg bak oppmodinga frå NAV: alle som er på jakt etter jobb bør ta med seg CV i fleire eksemplar og møte opp i Herøyhallen denne dagen.