TV-program frå Brudevoll Kjøtt

Nyhende

Førstkomande måndag er det premiere på første program i serien "Mat med Nesje – på hjul". TV-kokk Nils-Henning Nesje reiser ut på bubil-turne for å besøke nokre av dei over to hundre engasjerte lokale produsentane av mat og drikk i Møre og Romsdal.

– Me har utruleg mange fantastiske matprodusentar rundt om i fylket vårt og me gler oss til å kunne vise fram noko av det rike mat- og reiselivsfylket vårt har å by på, seier Nesje i ei pressemelding.

I desse dagar reiser han rundt på bubil-turne med kokekollega og musikar Torstein Hatlevik, og eit produksjonsteam frå lokal-TV for å besøke nokre av desse produsentane på heimebane.

Dei har lagt opp til ein todelt turne. Den første delen besøker dei produsentar i den sørlege delen av fylket: Ålesund, Ulsteinvik, Tjørvåg, Sandsøya, Ørsta, Volda, Bjørke, Hjørungdfjorden og Stranda. I den andre delen køyrer dei nordover.

Programserien er Sunnmøre LIVE si store satsing for denne hausten.

Føremålet med programserien er å vise mangfaldet og den eventyrlege entusiasmen rundt lokal mat, drikke og reiseliv som findt rundt om i fylket.

– Dette er menneske med ein spesiell lidenskap for det nære og ekte, som står opp tidleg om morgonen, og gjerne jobbar 10-12 timar kvar dag heile veke og produserer fantastiske produkt og råvarar. Me ønskjer å løfte fram desse menneska og fortelje deira historier, seier Nesje.

Dei har eit ambisiøst mål om å skape to program om dagen.

Og ein av produsentane du kan få sjå på fjernsynsskjermen er altså Brudevoll Kjøtt i Ulsteinvik.