Jollesamling i Ulsteinvik

– Det er for lite vind

Når ein driv med segling kan vêret faktisk bli for fint.

Seglgutane: William Olsen Bøe (11), Elias Døving Breiteig (12), Johannes Kaul (16), Sondre Breyholtz (15) og Boris Leenders (13) likar alle godt å segle, men då bør det vere nok vind.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

«Hvem kan segla forutan vind?» heiter det i songen. Vel, det er ikkje så lett. Laurdag vart det berre ein runde med seglbåtane for dei unge seglarane som var samla til meisterskap i Ulsteinvik i helga. – Det er for lite vind, forklarte seglgutane til lokalavisa, der dei sat på land og kosa seg med pølser og vaflar i den klare haustsola.