Fann ut at han skulle dø, men hadde mange oppdrag og ting han skulle vere med på først

Nyhende

Hareid kyrkje hadde godt besøk torsdag kveld då Hareid kyrkjeakademi inviterte til temakveld om sjølvmord.

145 tok turen for å høyre Oddvar Vignes frå Finnøy fortelje si historie om sjølvmordsforsøket sitt for 10 år sidan. Wenche I. Roppen, Gøril Dal og Ida Teige framførte innleiingsvis songen "Til deg", før Erlend Friestad frå Hareid kyrkjeakademi ønskja velkomen. Mental Helse Hareid var med å støtta arrangementet økonomisk.

Ein fin og normal oppvekst. Likevel skjedde ting undervegs med eiga sjølvbilde og det å halde ein fasade utad som den "løye" og morosame karen. Han var ikkje ein trist person, men ting treng ikkje alltid vere slik det kan sjå ut som, fortalte Vignes.

Sitat frå kveldens foredragsholder Oddvar Vignes:

"Det alle kan gjere, er å vere meire opne, og våge fortelle korleis ein har det."