Ferje krasja med kaia på Hareid

Bilferja Giskøy ligg no ute på fjorden med eine baugporten open.  Foto: Leiv Arne Grimstad

Nyhende

I ferjesambandet Hareid-Sulesund var A-ruta innstilt frå 11.30 til klokka 16.00 måndag.

Fjord1 melde først at avgangen klokka 12.00 var innstilt på grunn av tekniske problem.

Det viser seg at innstillinga skuldast at MF Giskøy i stor fart køyrde inn i ferjekaia på Hareid like før klokka 11.30 måndag.

Operativ leiar i Fjord 1 for Romsdal og Midtre Sunnmøre, Torbjørn Vik, bekreftar overfor Vikebladet Vestposten at det har vore ei hending knytt til MF Giskøy på Hareid måndag formiddag.

- Vi må gjere opp status før vi kan seie meir om det som har skjedd. Men vi følgjer saka tett, seier Vik.

Ifølgje vitne på staden skal MF Giskøy ha krasja i kaia - i stor fart. Ferjelemmen skal vere øydelagt.

Ordførar i Hareid, Anders Riise, fortel at han såg ferja kome med for stor fart inn mot kaia. Han og fleire andre på rådhuset hadde kriseøving i formiddag, og vart då merksame på at noko var gale.

- Det small skikkeleg då ferja gjekk i kaia, seier Riise.

Han fortel at ferja klarte å setje av bilar og passasjerar på den andre ferjekaia, og at dei to andre ferjene har brukt den kaia etter krasjen.

- No ligg Giskøy ute på fjorden med baugporten open, fortel Anders Riise.


 

Har du tips? Kontakt Vikebladet Vestposten på tlf. 480 66 495.