Fylte ein kontainar med avfall

Nyhende

Niandeklassingane i Ulstein var onsdag ute og rydda på holmar i kommunen.

Resultatet vart ein stappfull 22 kubikks-konteinar, skriv Søre Sunnmøre Reinhaldsverk, SSR, på Facebooksida si.

No i veka før haustferien har niandeklassingane samarbeidd med andre aktørar mot marin forsøpling: SSR, Fallgard, Sunnmøre friluftsråd og Runde Miljøsenter.

Kommunikasjonsansvarleg i SSR, Andrea Øien Sæverud, er svært imponert over innsatsen til elevane.

- Dei som var med på dette, kjem truleg aldri til å kaste ein taustump på havet eller sjokoladepapir i grøfta. Når ein står og grev fram plastflasker og plastflak frå jordsmonn som er meir kvitt enn svart på grunn av isoporkuler, så gjer det noko med ein. Eg er kjempeimponert over innsatsviljen og engasjementet til ungdommane. Takk til lærarane som la opp til at niandeklassingane skulle få ein så viktig skuledag, ein skuledag dei truleg vil hugse resten av livet. Dei har gjort ein stor innsats både for nærmiljøet og miljøet, og det er motiverande å få lov til å vere med på å legge til rette for slikt, seier ho.

Sjå endå fleire bilde på Facebooksida til Søre Sunnmøre Reinhaldsverk.