Sebastian AS si satsing på rigg-bransjen gir resultat

Gler seg over tre nye kontraktar

Glad: Dagleg leiar Johannes Kristian Bjøringsøyog resten av dei tilsette i konsulentselskapet Sebastian AS kan glede seg over at satsinga på rigg-marknaden no er i ferd med å bere frukt, 

Nyhende

Konsulentverksemda Sebastian AS med hovudkontor i Ulsteinvik arbeider med rådgjevingstenester for den maritime næringa både her til lands og internasjonalt. Dei siste åra har selskapet satsa medvite på rigg-marknaden og dette er no i ferd med å gi resultat.

– Ja, det er kjekt å kjenne at vi er i støtet igjen. Hardt arbeid dei siste åra gir ringverknader no. Berre siste tida har vi fått tre nye kontraktar med heilt forskjellige kundar i riggmarknaden, fortel dagleg leiar i Sebastian AS, Johannes Kristian Bjøringsøy, i ei pressemelding.

Som tilfellet har vore for resten av den maritime klynga, har også Sebastian AS vore gjennom nokre tøffe år, men no har skuta snudd, heiter det.

– Vi følgjer med på det som skjer, og ligg i tet innanfor vår nisje. For kundane våre er det viktig å samarbeide med oss som ein uavhengig tredjepart, og dermed dreg dei også fordelar av vår kunnskap og våre kvalitetar, fortel Bjøringsøy.    

Den eine av dei tre kontraktane vart inngått med eit av verdas største riggselskap, Transocean, eit oppdrag som nettopp er fullført.

– Dette var eit oppdrag for riggen Transocean Spitsbergen. Her har vi gjennomført ein såkalla FMEA - Failure Modes and Effects Analysis, som er ei slags konsekvensanalyse der alle feil vert kartlagt og konsekvensen av feila vert analysert. Tidlegare denne månaden vart dokumenta godkjent av DNV GL, og akkurat no går det føre seg testing etter våre dokument, fortel han.

Dette resultatet har ikkje kome gratis.

– For å få dette i hamn har vi måtta jobba både overtid, helgar og i sommarferien. Eg er takknemleg for den innsatsen dei tilsette har lagt ned. Vi har alle vore nøydde til ofre ein del for å få dette i mål, seier han.

Også den siste månaden har vore hektisk, i følgje pressemeldinga.

– For eit par veker sidan signerte vi kontrakt med ein brasiliansk riggeigar, Constellation. Dette er eit litt anna type oppdrag, der vi skal assistere med å reaktivere riggen «Lone Star» frå opplag, og hjelpe reiarlaget med å få den akseptert av Brasil sitt statsoljeselskap, Petrobras, opplyser Bjøringsøy som legg til at denne jobben blir handtert delvis frå Sebastian sitt kontor i Rio de Janeiro og delvis frå hovudkontoret i Ulsteinvik..

Den tredje kontrakten er heilt fersk. Sist veke signerte Sebastian AS kontrakt med ein norsk riggeigar, Awilco Drilling i Stavanger.

– Ja, her går det fort unna. Det er ekstra stas å kunne melde at vi sist veke signerte kontrakt for dei toppmoderne eco-nybygga til Awilco Drilling. Dei vert bygde i Singapore for den norske marknaden, og vi skal hjelpe til med tenester og rådgjeving innanfor dynamisk posisjonering, DP, eit avansert system som automatisk held fartøyet i same posisjon og på same kurs. Vi gler oss stort over nye kontraktar med solide oppdragsgjevarar, og ser lyst på framtida, seier Bjøringsøy.