Hasundgot IL er med i prosjektet «Jenteløftet»

Håper at jentene vil sparke fotball lenger

Jenteløftet Hasundgot IL håper at alle desse jentene kjem til å halde fram med å sparke fotball så lenge som mogleg. Onsdag fekk dei besøk av spelarar frå FK Fortuna som hadde litt av kvart å lære bort.  Foto: Arnt-Ivar Berg

Nyhende

Det vrimlar av jenter på kunstgrasmatta. Hasundgot IL er med i prosjektet «Jenteløftet», der målet er å få fleire jenter til å spele fotball lenger, og denne onsdagskvelden er det spelarar frå FK Fortuna som deler gode råd med dei unge jentene.