Ny anbodskonkurranse om levering av aviser i distrikta

Regjeringa kunngjer ein ny anbodskonkurranse for avisdistribusjon både kvardagar og laurdagar i område der avisene sjølv ikkje finn det lønnsamt å bruke bod.

– Vi skal sørge for at papiravisene kjem ut til folk i distrikta i heile landet, både på kvardagar og laurdagar, seier samferdselsminister Jon Georg Dale. Arkivfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK 

Nyhende

Det skjer etter at Stortinget vedtok å redusere kravet til postlevering frå fem dagar til annankvar vekedag.

– Stadig fleire bruker digitale løysingar, men papiravisa er framleis viktig både for avisbransjen og mange abonnentar. Vi skal derfor sørge for at papiravisene kjem ut til folk i distriktsområde i heile landet, både på vekedagar og laurdagar, seier samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp).

Endra postlov

Endringane i postlova trer i kraft 1. juli 2020. Då vil det bli postomdeling måndag, onsdag og fredag den eine veka og tysdag og torsdag veka etter.

Regjeringa har foreslått å kjøpe avisdistribusjon i ein periode på tre år frå den nye postpraksisen trer i kraft for å dekke dei dagane det ikkje er postombering. Perioden er sett slik at avisene skal få tid til å flytte lesarane sine over på digitale plattformer.

Mediebedriftenes Landsforening og Landslaget for lokalaviser har foreslått ei såkalla motsyklisk løysing for distribusjon. Det vil seie at vinnaren av konkurransen som no blir lyst ut, skal levere aviser på dei dagane posten ikkje har levering i det aktuelle området.

Fire kontraktar

Samferdselsdepartementet har i konkurransen delt landet inn i to leveringsområde både for vekedagar og laurdagar, og dermed er det snakk om fire kontraktar.

Frist for innlevering av førespurnad om å delta i konkurransen er 8. november, før departementet eit par veker seinare sender ut invitasjonar om å gi tilbod, med frist 9. desember. Målet er ta ei avgjerd og informere tilbydarane før jul i år.