Næringsforumet presenterte mål og strategiar:

– Ønskjer å trekke til oss statlege arbeidsplassar

Dagleg leiar i Ulstein Næringsforum (UNF), Daniel Garden, kunne fortelje om mange potensielt spanande område ein ønskjer å sjå nærare på i tida som kjem.

Engasjert leiar: Daniel Garden blei tidlegare i år tilsett i stillinga som dagleg leiar i Ulstein Næringsforum. Av presentasjonen han heldt under frukostmøtet for medlemsbedriftene på Quality Hotel Ulstein måndag, kom det fram at næringsforumet har mange og spanande planar for tida framover. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. 

Nyhende

Under eit frukostmøte for medlemsbedriftene i Ulstein Næringsforum måndag morgon heldt styreleiar Steinar Kulen først eit innlegg, før dagleg leiar Daniel Garden tok over.