Opna Saumrom systue:

– Det er som å pusle i 3D

Marion Øvrelid ivrar for gjenbruk. Klede kan reparerast, syast om og gamalt tøy kan brukast på ny. – Det handlar om å sjå moglegheitene, seier den kreative kvinna.

Saumrom systue: Marion Øvrelid likar å ta vare på gamle ting og bruke dei om att. Ein del av møblane i systova har vore farmora sine. Ho var også flink til å sy. I hjørnet kan ein sjå eit gamalt skap oldefaren til Marion har snikra. Og oppe på ei hylla kan ein skimte ei gamal gardin som ho vil sy retrohandlenett av. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

I fleire år har Øvrelid tatt imot kundar i heimen sin. Mange treng hjelp til å få reparert klede, sy opp ei bukse, leggje opp ei kåpe eller liknande. Men no var pågangen så stor at Øvrelid tenkte at tida var moden for å ta steget vidare.