Helga er ”Årets arkivar”

Helga Bøe er "Årets arkivar i Møre og Romsdal".   Foto: Piotr Cabaj

Nyhende

1. oktober vart prisen ”Årets arkivar” i Møre og Romsdal delt ut på konktaktkonferansen til Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal.

Det er tredje gongen denne prisen blir delt ut og Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal IKS skriv i ei pressemelding at ein kvart år framover vil peike ut ein vinnar av arkivar-prisen.

I år var det Helga Bøe, leiar for servicetorg og politisk sekretariat i Hareid kommune, som vart tildelt prisen.

” Mange arkivmedarbeidarar hadde vore verdige mottakarar av prisen, men Helga Bøe utmerka seg i år. I nominasjonen vert det trekt fram at ho har god forståing for systema, og at ho er flink til å dele kunnskapen sin med nabokommunane. Det blir også påpeika at ho er oppdatert på lovverk og har kontroll over fagsystem. Helga Bøe vart nominert av arkivkollegaer i Søre Sunnmøre-samarbeidet”, skriv Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal IKS i pressemeldinga.

Bøe fekk ei utmerking som består av eit diplom og ei skål laga av Ingrid Cecilie Ulla ved Ingrids Glassverksted.