Ulstein nominert til Årets ungdomskommune

Ungdomsklubben Bell 

Nyhende

Ulstein er ein av fire kommunar i finalen til Årets ungdomskommune.

I grunngjeving skriv juryen mellom anna følgjande om Ulstein:

"Kommunen har eit variert fritidstilbod for ungdom og jobbar mykje med å sørge for at alle kan delta. I tillegg har dei fokus på at fritid også kan vere eigenorganisert og legg til rette for det."

- Dette er veldig kjekt! Eg er både glad, stolt og audmjuk for at vi i Ulstein kommune har muligheit til å jobbe med og for ungdom, det er ei viktig satsing. Då er det kjekt at også fleire kan bli inspirert av det vi har gjort - og skal halde fram med å jobbe med, seier kulturkonsulent i Ulstein, Annika Brandal.

I fjor vart Ulstein kåra til Årets ungdomskommune i Møre og Romsdal.


 

I tillegg til Ulstein er kommunane Bodø, Mandal og Vefsn i finalen.

Det kom inn til saman 22 søknader frå heile landet, fortel Ingvill Elvestad Meltvedt i Bufdir, Barne-, familie- og ungdomsdirektoratet.

Vinnaren blir offentleggjort på Ungdomskonferansen i Oslo 28. oktober, og det er barne- og familieminster Kjell Ingolf Ropstad som skal dele ute prisen.

Konferansen vert arrangert av Barne- og familiedepartementet og prisen til vinnarkommunen er på 250.000 kroner.