Private kan skyte fleire småfuglar enn før

– Dette tek verda i feil retning

Kjøttmeisa er den mest utbreidde av vinterfuglane våre og finst over heile landet. FOTO: Hallvard Østrem / NPK  Foto: Hallvard Østrem

Nyhende

Ei ny forskrift kan gjere det enklare for privatpersonar å skyte fleire fuglar og dyr, utan løyve. – Det tek verda i feil retning, meiner naturvernrådgivar.

Det skriv NRK.

Det er Miljødirektoratet som har foreslått å samle fire ulike forskrifter i ei ny viltforskrift. Målet skal vere å gjere regelverket meir oversiktleg og tilgjengeleg.

I regelverket, slik det ligg føre no, er det 14 fugle- og seks dyreartar som kan skade-fellast utan særskilt løyve. Med det nye regelverket kan dette talet bli utvida.

– Vi hadde store forventningar til den nye forskrifta. Men vi ser at lista har auka frå 20 til 27 arter som private kan skadefelle på eige initiativ. Vi meiner forskrifta tar verda i feil retning, seier naturvernrådgivar Martin Eggen i Norsk Ornitologisk Forening (NOF) til NRK.

Seksjonsleiar Knut Morten Vangen i Miljødirektoratet seier til statskanalen at det er lite kunnskap om kor mange fuglar i Noreg som blir skadefelt kvart år. Han understrekar òg at det ikkje er fritt fram for å skyte fuglar og dyr utan å prøve andre løysningar først.

– Ei skadefelling er siste utveg når andre tiltak er prøvd, seier han.

Blant artane som kan fellast utan særskilt løyve finn vi bokfink, skjor, kråke, kjøtmeis, svarttrost og gråsporv.