Vinnarane av Hødd-jubileet si stil-tevling er kåra

– Eg trudde at eg skulle få kjeft eller noko slikt, men så var det berre gøy

Hødd-historier: Dei fire sjuandeklassingane (f.v.) Vetle Kolshus Hopland, Brage Skodjevåg Bø, Filip Røyset Roppen og Ingebjørg Kristin Lohne vann stilkonkurransen som jubileumskomiteen i Hødd lyste ut tidlegare i år. - Vi fekk inn mange finen historier, seier leiaren i nemnda, Arne Flatin (bak).  Foto: Jorulf Myrene

Nyhende

Spenninga var stor hos dei fire sjuandeklassingane som møttest utanfor Ulsteinvik barneskule fredag morgon. Dei visste ingen ting om kva som skulle skje, før Arne Flatin kunne røpe at det var deira historier som hadde blitt plukka ut for å vere med i jubileumsboka til Hødd som kjem ut i slutten av november.