Sparebanken Møre fornyar samarbeidet med Hareidlandet Triatlon

– Det var ikkje tvil i mi sjel

Familiefokus: Hareidlandet Triatlon legg vekt på at arrangemente Hareidsdølen Triatlon skal ha brei familieappell og femne både store og små. Arkivfoto: Ole-Ottar Høgstavoll 

Nyhende

– Det var ikkje tvil i mi sjel om at dette samarbeidet skulle halde fram, seier banksjef ved Sparebanken Møre sitt Hareids-kontor, Melinda Skeide.

Sparebanken Møre og Hareidlandet Triatlon signerte fredag ein ny toårig samarbeidsavtale. For Hareidlandet Triatlon betyr støtta frå banken at dei kan bruke meir tid på sjølve arrangementet, i staden for å nytte ressursane på å skaffe inntekter.

– Samarbeidsavtalen gjer det mogleg for oss å halde deltakaravgifta på Hareidsdølen Triatlon, SnipSnapSwim og andre aktivitetar så lav som mogleg. Tilsvarande arrangement andre stader har deltakaravgifter som er langt høgare. Dette trur vi er med på å få med oss endå fleire, fortel to av initiativtakarane til Hareidlandet Triatlon, Arne Gunnar Nesset og Daniel Slettebakk.

Badevakter

Hareidlandet Triatlon starta i det små ved at ein gjeng kameratar stilte som frivillige badevakter slik at symjehallen på Hareid kunne halde ope også på kveldstid.

I symjehallen vaks idéen om eit triatlon-løp fram.

– Sidan har vi berre lagt stein på stein, fortel Nesset og Slettebakk.

To nye år: Sparebanken Møre og Hareidlandet Triatlon signerte fredag ein ny to-åring samarbeidsavtale. F.v. Arne Gunnar Nesset frå Hareidlandet triatlon, banksjef Melinda Skeide frå Sparebanken Møre og Daniel Slettebakk frå Hareidlandet triatlon. 

 

Etter det første arrangementet i 2017 har Hareidsdølen Triatlon berre blitt stadig meir populært. Då påmeldinga opna for årets løp var deltakarlista fullbooka etter 22 timar og 10–15 personar stod på venteliste.

Hareidsdølen Triatlon, som vert arrangert den første helga i september, går ut på å symje 750 meter, tilbakelegge 20 kilometer på sykkel og springe 5,4 kilometer. Arrangementet omfattar også løp for born i ulike aldersklasser.

– Kvart år har det vore enkelte som har gråte av frykt før dei gjekk i vatnet, men som har gråte av glede når dei er ferdige. Det er utruleg kjekt å sjå kor folk støttar og heiar fram kvarandre både ved Holesanden og ute i løypa. Då siste deltakar kom i mål under årets utgåve, etter å ha utfordra seg sjølv og jobba hardt på alle plan, til full jubel og heiarop frå dei andre deltakarane, ja, då skulle ein nesten tru at alle hadde stått og skore løk. Det var mange som vart våte i augekroken då, seier Daniel Slettebakk.

Han fortel at det å høyre borna sjølve fortelje om sine opplevingar og oppleve den støtta og samhaldet som vert lagt for dagen, berre stadfestar mottoet til Hareidlandet Triatlon; «Samhald, meistring og begeistring». Det er dette som har gjort Hareidsdølen Triatlon til det det har blitt, trur Daniel Slettebakk.

Film: BLÅTIND Fotografikk ved Joar Ødegård

 

Påmeldinga for 2020 opnar 1. januar. Arrangørane står også bak symjetevlinga «Snip-snap-swim» som går føre seg tidlegare på sommaren.

– Symjinga er gjerne det folk kvir seg mest for, men etter fullført løp er det ofte denne øvinga dei tykkjer var enklast, seier Daniel Slettebakk.

Nesset og Slettebakk trur at noko av oppskrifta på suksessen er at dette er eit lågterskeltilbod med sterk familieappell. Det er heller inga ulempe at arrangementet går føre seg i vakker natur i området rundt Holesanden og Snipsøyrvatnet. «Samhald, meistring og begeistring» er mottoet til Hareidsdølen Triatlon.

Fellesskap

– Når folk kjem seg ut av komfortsona saman med andre, skaper dette ei sterk fellesskapskjensle og dei er med på å heie kvarandre fram. Hareidsdølen Triatlon handlar heller ikkje om å slå andre, men om å konkurrere med seg sjølv, presiserer dei. Såleis vert heller ikkje delt ut premiar til dei raskaste, i staden vert premiane trekte på deltakarnummeret.

– Vi har også eit opplegg vi kallar «Vegen til Hareidsølen» som går gjennom heile året. Her har vi gitt tilbod om treningsøkter i Ulsteinbadet med instruktørar, felles symjeøkter i Snipsøyrvatnet etter at blåsene er lagt ut, løpstrening i Ulsteinhallen og på Hareid stadion, samt spinningøkter og sykkelturar. Ved ei så variert trening unngår ein å pådra seg belastningsskadar, seier Slettebakk.

Banksjefen karakteriserer gjengen bak Hareidlandet Triatlon som utruleg flinke og seriøse i det dei held på med.

– Dei har også synt at dei er uthaldande og tenker langsiktig. Hareidlandet Triatlon sine verdiar treff veldig godt med Sparebanken Møre sine verdiar, meiner Melinda Skeide.