Nye tider for globetrottaren

Pakkar saman: Bjørn Klubbenes er i ferd med å rydde seg ut av kontoret til HRG Nordic på Stålhaugen i Ulsteinvik. Nokre permar skal makulerast, andre må takast vare på for historia sin del. I dag, fredag, er siste arbeidsdagen hans. 

Nyhende

- Alt har si tid, smiler Bjørn Klubbenes. Fredag 4. oktober spaserte han ut av lokala til HRG Nordic med flyttekasser i armane. Etter å ha vore leiar for reisebyrået i Ulsteinvik i 37 år har han blitt pensjonist og ein fri mann. No ventar Thailand.