Omsorg:

3,6 milliardar til 2.000 nye sjukeheimsplassar

Talet på heildøgnsplassar i sjukeheimar og omsorgsbustader skal aukast med 2.000.  Foto: Illustrasjon/Unsplash.com.

Nyhende

(NPK-NTB): Talet på heildøgnsplassar i sjukeheimar og omsorgsbustader skal aukast med 2.000. Regjeringa set av 3,6 milliardar til formålet.

Det viser forslaget til statsbudsjett for 2020.

Halvparten av pengane skal gå til å bygge nye plassar, medan resten skal gå til rehabilitering og utskifting av eksisterande plassar.

Vil at seks nye kommunar skal prøve ut statleg eldreomsorg

Regjeringa vil utvide forsøket med statleg finansiering av omsorgstenesta med seks nye kommunar.

Målet med ordninga er å teste ut om statleg finansiering kan bidra til auka likebehandling over kommunegrensene.

I alt er 22,1 millionar kroner sette av til forsøket, som har vore ei kampsak for Frp.

Kommunane Stjørdal, Selbu, Bjørnafjorden og Lillesand deltar i forsøket ut 2022. Dei seks nye kommunane må søke om å få vere med innan 1. februar 2020.

Ei evaluering har tidlegare slått fast at forsøket har ført til auka kostnader for tenestene, medan talet på brukarar ikkje har auka.


Meir om framlegget til statsbudsjett:








Vedum rasar mot nytt sentraliseringstiltak frå regjeringa:

237 lokale skattekontor kan forsvinne