BurnOut Dataparty og Hødd Handball deltek i Krafttaket

Mellom dei lokale deltakarane som har blitt plukka ut til å vere med i Krafttaket denne gongen er BurnOut Dataparty og Hødd Handball.  Foto: Hødd Handball

Nyhende

1. oktober gjekk startskotet for krafttaket 2019. Det er Tussa som står bak dette tiltaket, der lokale lag og organisasjonar kan få sponsorstøtte ut ifrå kor mange stemmer dei får via nettsida www.krafttaket.no innan fristen går ut 15. oktober.

Totalt er det ein pengepott på 100.000 kroner som skal delast ut. I fjor var det Hareidlandet Triatlon som fekk flest stemmer, noko som gav 21.260 kroner.

Mellom dei lokale deltakarane som har blitt plukka ut til å vere med denne gongen er BurnOut Dataparty og Hødd Handball.

For å vere med må dei deltakande organisasjonane utføre ei god gjering og dei må oppgi kva pengane dei får i støtte skal nyttast til. Hødd Handball si gode gjerning er å rydde strender og fjøre i Ulstein kommune og pengane vil dei bruke til tiltak som kan styrke det sosiale miljøet i klubben slik at fleire blir verande. Burn Out Dataparty si gode gjerning er å arrangere datatreffet UlsteinLAN to gonger i året. Pengane dei får inn vil dei bruke til å gjere arrangementet endå betre og gi datainteressert ungdom eit betre tilbod.

Dei andre som kjempar om stemmene i Krafttaket denne gongen er: Spelemannslaget Havella, Herøy Frikyrkje sitt sjøspeidarkorps, Hovden og Ørsta skulekorps, barnekoret Popkorn frå Vartdal, Åheim Idrettslag, Melshornets venner i Volda, Ørsta Røde Kors omsorg og Hovdebygda idrettslag.