Statsbudsjettet

Ingen midlar til Stad skipstunnel

Slik ser Kystverket for seg ein seglas med hurtigbåt gjennom Stad skipstunnel. Illustrasjon: Kystverket/Appex  Foto: Kystverket/Appex

Nyhende

Det er ikkje sett av oppstartsmidlar til Stad skipstunnelen i framlegget til statsbudsjett for 2020.

– Eit samla næringsliv på kysten er svært skuffa over at det ikkje ligg inne oppstartmidlar til Stad skipstunnel på statsbudsjettet for 2020. Vi hadde store forventninger til at regjeringa ville gi det endelege klarsignalet til bygging av Stad skipstunnel etter at Kystverket fekk ned kostnadane i prosjektet, seier styreleiar Rolf Domstein i Stad skipstunnel og fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Stad skipstunnel er fullfinansiert i Nasjonal Transportplan (NTP) (2018–2029) med ein total kostnad på 2,7 milliardar kroner, prisjustert til cirka 2,9 milliardar kroner no. Det står òg i NTP at det skal vere byggjestart i inneverande stortingsperiode (2017-2021).

– Styringsgruppa for Stad skipstunnel vil minne regjeringa og stortingspolitikarane om løfta og forpliktingane deira til Nasjonal transportplan, og at det no er på tide med handling og ikkje fleire utsettingar av Stad skipstunnel-prosjektet, heiter det i pressemeldinga.

I 2017 ferdigstilte Kystverket eit forprosjekt for Stad skipstunnel. Den eksterne kvalitetssikringa var ferdig i mai 2018 og viste at venta kostnad hadde auka til 3,7 milliardar kroner. Kystverket fekk i 2018 i oppdrag å gå gjennom prosjektet for å redusert kostnadane ned mot investeringsramma som var lagt til grunn i Nasjonal transportplan 2018–2029.

I framlegget til statsbudsjett for 2020 står det at rapporten er levert og at den no er til gjennomgang i Samferdsledepartementet.