Små kutt i norske klimautslepp, spår regjeringa

I forslaget til statsbudsjett for 2020 anslår regjeringa at norske klimagassutslepp vil ligge på 45 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2030.  Foto: Illustrasjon/Unsplash.com.

Nyhende

(NPK-NTB): Norske utslepp av klimagassar blir i budsjettforslaget anslått å ligge berre 12 prosent under 1990-nivå i 2030.

I forslaget til statsbudsjett for 2020 anslår regjeringa at norske klimagassutslepp vil ligge på 45 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2030.

Det er eit kutt på berre 12,1 prosent samanlikna med nivået i 1990. Samanlikna med dagens utsleppsnivå er det snakk om eit kutt på 14,9 prosent.

Prognosen står i grell kontrast til Noregs offisielle klimamål, som er at utsleppa skal kuttast med 40 prosent frå 1990-nivå innan 2030.

Slår prognosane til, vil Noreg dermed bli avhengig av store kvotekjøp frå utlandet for å gjere opp for seg.


Meir om framlegget til statsbudsjett:


 

Vedum rasar mot nytt sentraliseringstiltak frå regjeringa:

237 lokale skattekontor kan forsvinne