Strammar inn på skattefrådrag

Botnfrådraget for pendlarar aukar frå 22.700 til 23.100 kroner.  Foto: Norges Bank/Nils S. Aasheim

Nyhende

(NPK-NTB): Regjeringa aukar i forslaget til statsbudsjett for 2020 botnfrådraget for pendlarar noko. Men ei rekke andre beløpsgrenser blir haldne uendra trass i prisvekst.

Botnfrådraget for pendlarar aukar frå 22.700 til 23.100 kroner, i tråd med anslått prisvekst. Men utover dette blir andre beløpsgrenser haldne «nominelt uendra», heiter det i budsjettet.

Det gjeld mellom anna nedre grense for å betale trygdeavgift, maksimalt frådrag for betalt inn fagforeiningskontingent mv., maksimalt eldrefrådrag, særskilt frådrag i delar av Troms og Finnmark fylke (tiltakssona), kilometersatsane i reisefrådraget og maksimalt frådrag for gåver til frivillige organisasjonar, heiter det i budsjettforslaget.

Også den skattefrie nettoinntekta og formuestillegget i skatteavgrensingsregelen og særfrådraget for einslege forsørgarar blir verande nominelt uendra.


Meir om framlegget til statsbudsjett:








Vedum rasar mot nytt sentraliseringstiltak frå regjeringa:

237 lokale skattekontor kan forsvinne